KYRKJA VÅR.

Vi ynskjer å byggje ein fellesskapskultur, driven av Guds kjærleik til oss, slik av vi kan elske Gud og tjene kvarandre.

Matteus 28:19-20.

“Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står”

Vi trur på ein grenselaus kjærleik som overgår all vit. Vi trur på ein Far i himmelen som ynskjer å kjenne oss, elske oss og leie oss. Vi trur på den eine, sanne Gud som ofra sonen sin, slik at vi blir satt fri.

 

Vår menighet fungerer som ein familie, der vi alle delar same tru og livet i Kristus. Ei forsamling med Jesus som Herre, som ynskjer å fylgje Han. Jesus lærte oss å elske Gud, elske kvarandre og dele det vi er velsigna med på jorda.

Du er verdifull.

VISJON.

Vi vil vere ei nytenkjande menighet, bygd på Guds ord, som blir gjort levande av den Heilage Ande. Vi vil skape ein andeleg heim for menneske i si trusvandring, inspirere og utruste kvarandre. Vi ynskjer å byggje ein fellesskapskultur, driven av Guds kjærleik til oss, slik av vi kan elske Gud og tjene kvarandre.

VERDIAR.

Vi vil leve det livet Gud har gitt oss gjennom å vere opne, gjestfri, vise kjærleik og glede. Slik trur vi Guds kjærleik vert synleg og fleire menneske vil bli lagt til fellesskapet.

Skjermbilde+2021-07-06+kl.+14.40.10.jpg

MISJON.

Vi ser at det ut frå Filadelfia vil vekse eit sterkt misjonsarbeid, både i inn og utland. Der vi ikkje berre støttar andre sitt arbeid, men også sjølve sender ut misjonærer og team, som vil starte nye menigheter.

Våre tjenester.