EI VEKSANDE KYRKJE.

No står Filadelfia Stadlandet framfor eit nytt kapittel - og vi håpar du vil vere med!

Filadelfia Stadlandet.

Vår menighet fungerer som ein familie, der vi alle delar same tru og livet i Kristus.

Livet i Kristus.

 Vår menighet fungerer som ein familie, der vi alle delar same tru og livet i Kristus. Ei forsamling med Jesus som Herre, som ynskjer å fylgje Han. Jesus lærte oss å elske Gud, elske kvarandre og dele det vi er velsigna med på jorda.

Filadelfia Stadlandet sin visjon er å sjå fleire menneske bli kjent med Jesus og fylgje Han.

Vi vil vere ei nytenkjande menighet der vi ynkjer å satse på denne og dei komande generasjonane. Ei ressursterk kyrkje som både er ein positiv og medverkande faktor i lokalsamfunnet, og ein sterk pådrivar for kyrkjeplanting i vår region.

No står vi framfor ei ny, stor mulighet til å bygge noko konkret som kan få stor meining for mange.

Dei siste ti åra har vi sett ein betydeleg vekst i vår forsamling og som kyrkje. I tillegg opplever vi stadig fleire tilflyttarar til Stadlandet. Vi har tru for at dette vil halde fram. Dagens bygg har tent oss godt i over 50 år, men potensialet her er no brukt opp. For å møte dagens behov og vere utrusta for framtida vil vi byggje eit nytt multifunksjonelt forsamlingshus.

2021-05-31-surf-ervik-400-saltnwax-24.jpg

Ytterst i havgapet,

så langt vest i Norge du kan kome - ligg menigheta vår: Filadelfia Stadlandet.

Her finner du ein aktiv gjeng og eit varmt fellesskap som ynskjer å leve sine liv til ære for Jesus. Vi er plassert midt i den heftigaste naturen, omringa av buldrande bølgjer og mektige fjell. Rundt oss ser vi fråflytting, men her på Stad spirar eit veksande miljø - både i og utanfor kyrkja. Grunna dei gode bølgeforholda, etablerar det seg stadig surfarar her.

I tillegg gler vi oss over å sjå tilbakeflytting og småbarnsfamiliar. No står Filadelfia Stadlandet framfor eit nytt kapittel - og vi håpar du vil vere med!

VÅR KYRKJE IDAG .

Vår kyrkje idag.

Vi bar lenge på draumen om å kunne feire gudstjeneste kvar sundag heile året. Dei siste åra har draumen blitt røyndom! Vi ser at det å samlast kvar veke gjev grunnlag for å dele tru og liv I kvardagen. Kvar Sundag feirast gudstjeneste, på tirsdagar samlast vi til bøn, kvar onsdag har vi LIFE-gruppar I heimane. I tillegg møtast ungdommane i bygda kvar fredag til “UngeLovande”. Barnekyrkja er delt i tre aldersgrupper der vi legg til rette for aktivitet og undervisning kvar søndag.

Filadelfia har i tillegg hatt ei viktig rolle i oppstart og drift av Christian Surfers Norway - ei gruppe surfarar som driv direkte misjonsarbeid inn mot surfemiljøet.

For 2 år sidan kjøpte vi Komma Huset og aktivitetslåven i Ervik, 500 m frå surfestranda. Gjennom huset ynkjer vi å nå ut til bygda, surfemiljøet og andre kreative grupper g jennom eventar, overnatting og vere til stades .

Alt dette seier noko om at vi vil være framoverlent og har tru på og vere tilstades i samfunnet vi er en del av.

VI VIL.

VERE EI NYTEKJANDE, FRAMOVERLENT MENIGHET MED TRU PÅ Å VERE TILSTADES I SAMFUNNET VI ER EIN DEL AV

NYTT KYRKJEBYGG PÅ STADLANDET

 

 Vidare fyljer konkret informasjon om Filadelfia sine tankar om nybygg. Vi vonar og trur at du også vert inspirert til å sjå kva potensiale som opnar seg med eit slikt bygg.

Vi ynskjer å opne for at medlemmar, familiar, andre kyrkjer og menigheter, vener, bedrifter, lag og organisasjonar kan vere med på å realisere prosjektet.

“DET NYE BYGGET ER TENKT Å TENE FLEIRE FØREMÅL, BÅDE I FORSAMLINGA, BYGDA VÅR OG I HELE REGIONEN.”