header_lifegruppar.jpg
 

KVARDAGEN

 

GUDSTENESTE

SØNDAGAR kl 1100

HØYR PREIKA HER

Dei første menighetene samla seg jamnleg, delte livet og alt dei eigde. Dei song og prisa Herren med sine gåver og delte Guds ord i lag. Vi trur at det å samlast kontinuerleg i kvardagen skaper eit trygt og godt fellesskap, der ei kan oppleve personleg vekst og byggje relasjonar. Derfor ynskjer vi å ha fellesskap kvar søndag.

På våre gudstenester ynskjer vi at alle skal føle seg velkomne, store og små. Ei samling består gjerne av mykje song og musikk, ei preike, opplegg for dei minste og hygge. Vi møtast for å dele liv, Guds ord og byggje eit solid, trygt fellesskap.

 

“Rop med jubel for Herren, all jorda! Ten Herren med glede, kom fram for han med jubel! Kjenn at Herren er Gud!
Han har skapt oss, vi er Hans, vi er Hans folk og den flokken Han gjeter. Kom gjennom portane Hans med takkesong, inn i forgardane med lovsong! Lov Han, velsign Hans namn! Herren er god!”

 

BØNNEMØTE

ONSDAGAR kl 2000

 

I tillegg til LIFE gruppar er det bønnemøte på Filadelfia kvar onsdag og er åpen for alle som vil delta. Her blir det tatt opp forskjellege bønneemne for bygda, menigheita og personleg.  

 

"Vær ikke bekymret for noe, men la i alle ting bønneemnene deres komme fram for Gud i påkallelse og bønn med takk.   Og Guds fred, som overgår all forstand, skal bevare deres hjerter og deres tanker i Kristus Jesus. "

 

LIFEGRUPPE

Onsdagar kl 2000

 

Vi trur at Gud vil gje vekst både kvalitativt og kvantitativt. Vi trur at smågrupper i heimane ,er ein bibelsk måte og arbeide på, for å nå ut til nye med evangeliet, vise praktisk, sosial og andeleg omsorg, få dele liv med andre, og vekse i det å ta ansvar

Vi ynskjer å ha smågrupper der den enkelte kan få dele sine liv og sin tro, stille spørsmål i et trygt forum og utforske Guds ord saman med gode vener. Alle. truande eller ikkje, er velkomne med i ei av våre life grupper, som er på onsdagar kl 20:00.

Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.  Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.

Apg 2:42

 

 
 

BLI MED :) 

Fornavn + Etternavn
Vil du bli med i Life gruppe *
Hvilket kjønn? *
Dersom du ønsker å skrive en kommentar
 

image_lifegruppar.jpg
 
 
 
 
 
 

Spørsmål og svar

 

Kva gjer vi på Life gruppe

Vi byrjar ofte med å ete kveldsmat saman og dele nattverd. Vidare deler vi frå livet, sorger og gleder i veka som har vore. Tema frå forrige sundagsmøte vert gjerne teke oppatt til drøfting, eller ein medlem i gruppa deler eit Guds ord. I løpet av kvelden legg ein fram saker, personar og situasjonar som vi ber for. Kvar gruppe har ein leiar som administrerer og fyljer opp gruppa og enkeltpersonane


Kvifor har vi Life gruppe

I tillegg til gudsteneste kvar sundag, meiner vi at det er viktig å samlast på eit meir personleg plan. Dette tilbodet er litt mindre framandt for dei fleste, samtidig som man deler liv og opplever tilhørighet. Desse gruppene kan også passe bra for ein som ikkje trur, men som er nysgjerrig og ønsker å lære meir.


Kven kan vere med?

I tillegg til gudsteneste kvar sundag, meiner vi at det er viktig å samlast på eit meir personleg plan. Dette tilbodet er litt mindre framandt for dei fleste, samtidig som man deler liv og opplever tilhørighet. Desse gruppene kan også passe bra for ein som ikkje trur, men som er nysgjerrig og ønsker å lære meir.