PROSJEKT VI STØTTAR

 
 

Christian Surfers 

Stadlandet er mest kjent for å være en av Norges mest populære surfestrender. Surfemiljøet er derfor ein av våre viktigaste misjonsarenaer. For nokre år sidan leia Gud ei lita gruppe surfarar hit, med hjarte for Jesus og lidenskap for surfing. I 2014 la dei seg under den store internasjonale organisasjonen Christian Surfers, og er ein av 40 surfedestinasjoner der CS er representer.

Christian Surfers ynskjer å være ei bru mellom surfestranda og kyrkja. Det er ei gruppe av dedikerte surfarar og disiplar, som ynskjer å bruke si surfing til å nå andre surfarar med evangeliet.

Christian Surfers Norge drivast frå Selje kommune og Filadelfia Stadlandet er deira modermenighet. I dag eksisterer det lokallag på Stad, Oslo og snart Kristiansand.

 
 

 
 
 

India

Vi er stolte av å støtte Øyvind og Sherry Møller sitt arbeid i Asia. Dei er no fast busett i Singapore, og jobbar derifrå. Dei har møter og kampanjer, der mange opplever både frelse og helbredelser. Dei held også pastorseminar med undervisning og oppmuntring til leiarane, dei har kontakt med mange menigheter i Asia.

Salt Bergenskirken har eit viktig misjonsarbeid i India, som Vidar Dalsbø, vår pastor, har vore med å besøke i 2014 saman med Øystein Gjerme. På si reise opplevde Vidar sjølv kor viktig dette arbeidet er og sidan har vi støtta med eit fast månadleg beløp.

 
 

 
 
 

Enkeltpersonar

Vi er så heldige å ha høve til å hjelpe våre vener, med økonomisk stønad. Vi gler oss over ungdom frå menigheten som ønsker å reise på misjonstur eller studere bibelen i utlandet, og vil gjerne hjelpe dei på vegen. Vi ser også stor verdi i unge familiar og enkeltmenneske, som kjenner seg kalla til Stadt og prioriterer mykje av si tid til å tjene i menigheten.