header_gudstjeneste.jpg
 

OM KYRKJA

 

KOPLE MENNESKE TIL KRISTUS

 

Vi trur på ein grenselaus kjærleik som overgår all vit. Vi trur på ein Far i himmelen som ynskjer å kjenne oss, elske oss og leie oss. Vi trur på den eine, sanne Gud som ofra sonen sin, slik at vi blir satt fri.

Vår menighet fungerer som ein familie, der vi alle delar same tru og livet i Kristus. Ei forsamling med Jesus som Herre, som ynskjer å fylgje Han. Jesus lærte oss å elske Gud, elske kvarandre og dele det vi er velsigna med på jorda.

“Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namet åt Faderen og Sonen og Den heilage andre og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står”
MATT 28:19-20
 
 

VISJON

Vi vil vera ei nytenkjane menighet, bygd på Guds ord, som blir gjort levande av den Heilage Ande. Vi vil skape ein andeleg heim for menneske i si trusvandring, inspirere og utruste kvarandre. Vi ynskjer å byggje ein fellesskapskultur, driven av Guds kjærleik til oss, slik av vi kan elske Gud og tjene kvarandre.

VERDIAR

Vi vil leve det livet Gud har gitt oss gjennom å vere opne, gjestfri, vise kjærleik og glede. Slik trur vi Guds kjærleik blir synleg og fleire menneske vil bli lagt til fellesskapet.

MISJON

Vi ser at det ut frå Filadelfia vil vekse eit sterkt misjonsarbeid, både i inn og utland. Der vi ikkje berre støtter andre sitt arbeid, men også sjølve sender ut misjonærer og team, som vil starte nye menigheter.

 
image_gudstjeneste.jpg
 
 

“For liksom kropper er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin kropp endå dei er mange. Slik er det med kristus og.”

1.kor 12:12

 
 
 
 

VÅRE TENESTER

 

Lovsong og musikk

Lovsang er ei form for tilbeding gjennom song og musikk. Vi trur det er ein viktig del av gudstjenesten og fellesskapet. Ein del av visjonen for menigheta vår er å vekse i song og musikk og vi ynskjer å vere opne for kva våre musikarar har på hjartet.

I dag har vi eit dedikert lovsongsband som stiller opp og speler kvar søndag. Gjennom dei siste åra har vi vore så heldige å få fleire dyktige musikarar hit, som kjenner at Gud kallar dei til å dele sine gåver med oss. I tillegg har vi eit solid mediateam med mykje erfaring på god lyd.


Vertskap

I menigheta har vi mange omsorgsfulle menneske som likar å tene andre med å vere gjestfri, bakst og kaffi, pynting og samtale. Vi har ein solid gjeng som møter opp kvar søndag for å ynskje deg velkommen og legg til rette for at du kan trivast i Filadelfia. Dei sørger for eit triveleg og reint lokale og set fram mat og kaffi for oss.


Tale og leiing

Filadelfia vil ha eit variert utvalg med talarar. Vi trur variasjon er sunt og at Gud kan bruke både unge og menneske med meir erfaring til å formidle sitt ord. Preika på søndagen skal vare ca. 30 – 45 minutter, med hensyn til mangfoldet av menneske i vår forsamling.

Gudstenestene blir leia av ein person, som førebur programmet og fyller dei forskjellige postane. Møteleiar held i trådane før og under møte.


Barnekyrkje

Fleire unge barnefamiliar flyttar til Stad og vert med i vårt felleskap. Vi ynskjer difor å leggje til rette for dei små. Kvar søndag samlast alle borna i vår nyoppussa barnekyrkjerom, med song, leik, hygge og spennande undervisning. Foreldra er også hjarteleg velkommen.