Dei første menighetene samla seg jamnleg, delte livet og alt dei eigde. Dei song og prisa Herren med sine gåver og delte Guds ord i lag. Vi trur at det å samlast kontinuerleg i kvardagen skaper eit trygt og godt fellesskap, der ei kan oppleve personleg vekst og byggje relasjonar. Derfor ynskjer vi å ha fellesskap kvar søndag.
På våre gudstenester ynskjer vi at alle skal føle seg velkomne, store og små. Ei samling består gjerne av mykje song og musikk, ei preike, opplegg for dei minste og hygge. Vi møtast for å dele liv, Guds ord og byggje eit solid, trygt fellesskap.