header_givarteneste.jpg
 

BIDRA

 
 

Ynskjer du å støtte vårt arbeid?

 

Gud har ein plan for våre liv, han har fasiten til eit liv fylt med glede, fred, håp og tilfredstillelse. Vi er kalla til å vere i verda men ikkje av verda. Verdas visdom er dårskap for Gud seier bibelen. Dette trur vi også når det kjem til økonomi og pengar. Gud har ein himmelsk måte vi kan forvalte vår økonomi på, nemleg å kunne gje. Å ha ei givarteneste er først og fremst ikkje for mottakaren, men for den som gjev. Gjennom det å gi av eit gla hjarte vil du oppleve eit nytt forhold til pengar. Gud treng ikkje dine pengar, men han vil ha hjartet ditt. For mange av oss er veien dit blokkert av ein kjærleik til pengar, men Gud vil vise oss ein måte vi kan forvalte vår økonomi på, som ikkje blokkerar eller herdar våre hjarte - nemleg å gje. Gje av eit gla hjarte og opplev at Gud vil ause over deg sin rikdom. 

Om du ynskjer å støtte spesifikke prosjekt må du markere det på overføringane. Meir om dei ulike prosjekta vi støttar finn du lenger nede på denne sida.


Du kan gje på desse tre måtane:

 
 

KOLLEKT

I våre gudstenester får du høve til å gje kollekt med kontantar, kort eller gjennom Vipps.

 

VIPPS

Søk opp Pinsemenigheten Filadelfia, eller slå inn Vipps-nummeret: 64718.

 

BANKOVERFØRING

Om du ynskjer å støtte oss via bankoverføring kan du nytte kontonummeret: 3845.30.21766

 
 

SKATTEFRÅDRAG

 

Når du gjev gåver til oss gjennom Vipps eller Bankoverføring, vil du kunne få skattefrådrag. Med overføringar via Vipps eller bank markerer du innbetalingane med namn og personnummer. Vi registrerer dine gåver i Pinsebevegelsens Sentralregistrering av Gaver med Skattefradrag (PSGS), og du vil få inntil 30 000 kroner av det du gjev i skattefrådrag på inntekta di.

 
 

PROSJEKT VI STØTTAR

 
 

Christian Surfers 

Stadlandet er mest kjent for å være en av Norges mest populære surfestrender. Surfemiljøet er derfor ein av våre viktigaste misjonsarenaer. For nokre år sidan leia Gud ei lita gruppe surfarar hit, med hjarte for Jesus og lidenskap for surfing. I 2014 la dei seg under den store internasjonale organisasjonen Christian Surfers, og er ein av 40 surfedestinasjoner der CS er representer.

Christian Surfers ynskjer å være ei bru mellom surfestranda og kyrkja. Det er ei gruppe av dedikerte surfarar og disiplar, som ynskjer å bruke si surfing til å nå andre surfarar med evangeliet.

Christian Surfers Norge drivast frå Selje kommune og Filadelfia Stadlandet er deira modermenighet. I dag eksisterer det lokallag på Stad, Oslo og snart Kristiansand.

 
 

 
 
 

India

Vi er stolte av å støtte Øyvind og Sherry Møller sitt arbeid i Asia. Dei er no fast busett i Singapore, og jobbar derifrå. Dei har møter og kampanjer, der mange opplever både frelse og helbredelser. Dei held også pastorseminar med undervisning og oppmuntring til leiarane, dei har kontakt med mange menigheter i Asia.

Salt Bergenskirken har eit viktig misjonsarbeid i India, som Vidar Dalsbø, vår pastor, har vore med å besøke i 2014 saman med Øystein Gjerme. På si reise opplevde Vidar sjølv kor viktig dette arbeidet er og sidan har vi støtta med eit fast månadleg beløp.

 
 

 
 
 

Enkeltpersonar

Vi er så heldige å ha høve til å hjelpe våre vener, med økonomisk stønad. Vi gler oss over ungdom frå menigheten som ønsker å reise på misjonstur eller studere bibelen i utlandet, og vil gjerne hjelpe dei på vegen. Vi ser også stor verdi i unge familiar og enkeltmenneske, som kjenner seg kalla til Stadt og prioriterer mykje av si tid til å tjene i menigheten.

 
 

 
2016_filadelfia_interiør_uncropped-40.jpg